20. mai 2012
Artikkeldetaljer

Gullkonfirmantfeiring på Austre Åmøy

Kategorier: | Forfatter: Ola Ohm | Opprettet: 02.09.2011 | Visninger: 762
Gullkonfirmantfeiring på Austre Åmøy

 For 50 år sidan blei det første konfirmantkullet konfirmert i kapellet på Austre Åmøy.  Tidlegare måtte konfirmantane frå Austre Åmøy i båt til Hetland kyrkje på konfirmasjonsdagen, men presten spurde konfirmantane i 1961 om dei kunne tenke seg å ha dette lokalt i kapellet.  Dei hadde heile året hatt undervisning for seg sjølv på prestekontoret, og fekk velge om dei ville konfirmere seg i Hetland eller på Austre Åmøy.  Det ville dei, og sidan har dette blitt tradisjon.  

Det første kullet talte 7 konfirmantar, og 4 av dei kunne komme på gudstenesta 28. august.  Her blei dei presentert, og vi hadde ei hyggeleg samling i kjellaren etterpå med middag og drøs.

På bildet (frå venstre mot høgre): Inghild Meling, Lars Gunnar Meling, Solbjørg Meling Lindøe, Ola Ohm og Dagfrid Meling.

Bookmark and Share

Tilbake
 
Uttalelse om privatliv  |  Betingelser for bruk
Powered by LabOra - Agrando AS